Som først ut i vår nye møteserie hos leverandørar, og andre interessante besøksstader, fekk AUTO LAST MØRE AS på Lerstad besøk av 15 RHF-medlemar torsdagskvelden 17. januar 2019. Dagleg leiar Olav Rune Vestre tok imot, og vi starta besøket med ei omvisning i lokala.

7

2

I verkstaden stod lastebilar av TG-serien, og vi fekk lære litt om dei ulike modellane i Technology Generation-serien. Den nye servicebilen til selskapet er av TGE-serien, ein varebil/småbuss som tilsvarar VW Crafter (største varebilen til VW). Med VW som hovedeigar av MAN, er det naturleg at det er tette band mellom selskapa. Gjennom VW sitt eigarskap i Scania, vert MAN og Scania som «syskenbarn» å rekne. Det er allereie felleskap kring nokre komponentar, som m.a. girkasser frå Scania.

1

Denne kvelden hadde ein også besøk på verkstaden av Neoplan Cityliner frå Nettbuss Tur Møre. Neoplan har gjennom ei årrekkje brukt MAN som chassis for sine nyskapande produkt, og MAN tok over eigarskapen i Neoplan frå Konrad Auwärter og familien for nokre år sidan. Bussproduksjonen går no føre seg i Tyrkia, slik også Mercedes-Benz/Evobus i stor grad gjer det. I fjor leverte MAN fem turbussar til Nettbuss her i fylket, desse er av modellen Lions Coach, og det kjem truleg fleire i løpet av våren 2019.

4

Selskapet si lokale historie

Det er no nesten 30 år sidan familien Rødstøl i 1990 etablerte MAN Møre, etter at dei selde seg ut av Møre Diesel/Scania i Hatlane. Dei første åra hadde selskapet tilhald i Waagan-bygget på Veibust, men etter at Bertel O. Steen flytta til Breivika, overtok MAN Møre lokala på Lerstad frå omlag 1994. Auto Last Førde overtok drifta av MAN Møre i 2000, og det vart då felles administrasjon av MAN i Sunnfjord og på Sunnmøre, som er nabo-regionar når det gjeld kundedistrikt i MAN sine serviceområde. I 2012 vart Auto Last Førde seld til Trucknor, og tre tilsette – med Olav Rune Vestre i spissen – kjøpte firmaet i Ålesund og danna Auto Last Møre AS.

Ved anlegget på Lerstad har ein i utgangspunktet Møre og Romsdal som nedslagsfelt, men på verkstaden fekk vi sjå ein lastebil som stod til klargjering for leveranse til Naustdal Transport på Nordfjordeid. Lokalt tilsette driv berre med service-/ettermarknad, og det er importøren MAN Last og Buss som har ansvaret for sal. Det er seljarar stasjonert på Lerstad, og det vert selt omlag 20 lastebilar kvart år. For buss er det – som for andre merke – oftast sentrale avtaler som styrer leveransane.

MAN, Büssing, «slektsnære» selskap og løve-logoen

5

Maschinenfabrik Augsburg-Nürnberg (M.A.N.) har aner heilt frå 1758 med oppstart av jarnverket i St. Antony i Ruhr-området. Hestesporvogner, lokomotiv og jarnbanevogner, samt dampmaskiner, var nokre av produkta fram til ein i 1893 starta samarbeid med ein lovande oppfinnar. Rudolf Diesel hadde etter utdanninga si starta med eit nymotens prosjekt som i dag heiter kjøleskap. Han jobba vidare med det han kalla «oljemotor», men kona Martha meinte han burde kalle den for «Dieselmotor», og den stod klar i 1897. MAN er i dag verdas største leverandør av dieselmotorar, med bruksområde både i tunge køyretøy, skipsmotorar og stasjonærmotorar av dei aller største aggregat!

Den første MAN lastebil vart lansert i 1915, og ein hadde nært samarbeid med sveitsiske Saurer, som på denne tida var av dei største lastebilprodusentar i verda. I 1924 hadde MAN sine ingeniørar greidd å utvikle direkteinnsprøyting av diesel, og dermed kunne dieselmotoren byggast så liten at den fekk plass også i køyretøy.

Heinrich Büssing etablerte «Specialfabrik für Motorlastwagen, Motoromnibusse und Motoren» i 1903 i Braunschweig. Lufthjulet og luftfjæringa er patentar frå Heinrich Büssing, så det var eit innovativt selskap! I 1930 vart Berlin-selskapet NAG (Neue Automobil-Gesellschaft AG frå 1901) slått saman med Büssing, og køyretøya vart i ei periode kalla Büssing-NAG. Etter krigen vart Büssing på 1960- og 1970-talet den største produsenten av lastebilar og bussar i Tyskland. Frå slutten av ’60-åra fekk Büssing økonomiske problem grunna store utviklingskostnader med underliggande motorar, som ikkje selde godt nok i marknaden. Selskapet vart kjøpt opp av MAN i 1971, og eitt år seinare vart det heilt infusjonert i MAN-konsernet.

MAN har altså sitt utspring i Bayern, men det finnst samarbeidsbedrifter og produsentar som MAN leverte motorar til, også i Austerrike. Merket ÖAF (Österreichishe Automobil-Fabrik – frå starten i 1907 Austro-Fiat etter grunnleggaren Fiat) vart etterkvart kalla «Austerriksk MAN» sidan dei frå 1934 brukte MAN-motorar. Gräf & Stift – bilprodusent som i etterkrigshistoria var kjende mest for karosseribygging – vart i 1970 slått saman med ÖAF, før det heile vart fusjonert inn i MAN eitt år seinare. Også varianten Gräf-Steyr er beslekta til MAN-konsernet, sidan Steyr tidleg vart lagt inn under ÖAF sin eigarskap.

Den velkjende løve-logoen har fleire opphav. Büssing brukte løva frå våpenskjoldet til Braunschweig by som sin logo, men også Gräf & Stift hadde løvelogo.

MAN her til lands

Det vart levert MAN-trikkar til Holmenkollbanen i 1898. Dei første køyretøya med MAN-slektskap var 3 NAG-bilar levert i 1908. Büssing er nok i rutebilhistorisk samanheng det mest kjøpte «MANmerket» i Norge, og i nyare tid er det Oslo Sporveier og Trondheim Sporvei som kjøpte Büssing. Molde Bilruter er den i vårt fylke som har hatt mest MAN i bussbransjen. Lokalt må vi nemne «Smykkeskrinet»; MAN turbil hos Ålesund Bilruter, og «Tuppen» og «Lillemor»; lokalbussar i Volda og Ørsta hos Mørebil frå 1991 og utover på ’90-talet. Elles har MAN dei seinare åra vunne leveransar til fleire større anbodsområde i landet. Det har opp gjennom åra vore fleire importørar av MAN-materiell, og regionale leverandørar har til dels importert direkte. Frå 1989 var importøren MAN Last og Buss AS, eigd av MAN AG.

8

Omvisning på delelageret

Entusiastisk foredrag

Olav Rune Vestre viste seg å vere ein entusiast når det gjaldt eige merke og historia rundt det. Vi fekk sjå mange foto frå muséer og MAN-historiske stader han hadde besøkt. Også Jan Arild Refsnes med sine VW-gener, hadde delteke på mange av desse artige besøka. Tyskland har naturleg nok svært mykje å by på innan bilhistorie, og det er alltid kjekt å høyre om folk som har hatt ekspedisjonar til interessante bilhistoriske stader. Å bli møtt av ein ekte merkeentusiast, framfor ein «reklamemunn» som berre snakkar «hjernevaska» om eige merke, gjorde dette besøket svært kjekt!

Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmøre takkar Auto Last Møre AS for mottaking, god historisk informasjon, og ei hyggeleg kveldsstund i lag.