TYSKLANDSTUR

    MED ”OKB – Ola og Kåres Bussreiser”

 

Etter å ha hatt tur til Baltikum i 2007 ”busseksport-safari”, og tur til Finland i 2009 ”finsk bussproduksjon”, vart RHF-turen i 2011 lagt til Tyskland – Europa sitt billand nr. 1! Også denne gongen var det god overvekt av sunnmøringar som vart med på tur, men vi hadde folk frå Orkanger i nord til Hauge i Dalane i sør med i turfølgjet.

Tema for turen denne gongen var ikkje så bussfokusert som dei andre turane, men på programmet stod det noko for einkvar smak for dei som er interesserte i det som lagar godlyd og –lukt, i tillegg til at det som på dei andre turane skulle vere noko også for dei som ikkje berre er interesserte i framkomstmiddel.

Etter busstur i hinderløypa E6 ned gjennom Gudbrandsdalen måndag 26. september, rakk vi akkurat danskebåten. Sjøl om vi hadde marginar på klokka, så var tydelegvis alle komne då vi var om bord, for båten la frå kai før tida. Vi fekk ein mjuk og fin start i København neste morgon, og vårt første reisemål låg ikkje langt unna. Sporvejsmuseet Skjoldenæsholm www.sporvejsmuseet.dk ligg ved Jystrup mellom Roskilde og Ringsted, men slett ikkje rett attmed vegen. Vi hadde kartmaskin, og det var også gode skilt, så vi kom greit fram til museet og fekk omvisning og sporvognstur på jernbanesporet som museet hadde lagt opp som utfluktsspor.

Her var alt frå hestesporvogn via trikkar og sporvogner frå fjern og nær, til trolleybussar. Sporveishistorisk Selskab hadde lagt ned eit formidabelt arbeid med restaurering av materiell, og utbygging av ”Danmarks længste museum”.

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter besøk i museumsbutikken, der det vart stor omsetning av historiske bøker og skrifter, inntok vi ein god lunsj med danske ”smørrebrød” ved fint oppdekka bord i ein av vognhallane. Deretter sette vi kursen vidare sydover mot Rødbyhavn og ferja over til Puttgarden i Tyskland. Jammen låg det ei ferje klar til avgang her også, så det var vips om bord og så la vi frå kai. Under den korte overfarten var det nokre av oss som trimma pondusen med å komplettere lunsjen med litt ymse. Tyske Würstchen vart det smakt på både her og seinare på turen!

Vårt reisemål denne dagen var Lübeck. Ein koseleg by med elveløp, kanalar og ein god del gjenståande hus i gamlebyen. Fint hotell i gangavstand til sentrumskjernen, med middag då vi kom fram. Før vi reiste vidare sørover neste morgon, la vi turen innom Wischnewski sin modellbilbutikk i byen www.wischnewski-modellauto.de - dei hadde godt utval av modellbussar, så det vart til dels svært god handel også her!

Frå handel og litt føremiddagsshopping elles, sette vi oss i bussen og tok vegen fatt sørover mot byen Quedlinburg i Harz-området, der vi skulle bu tre netter. Undervegs køyrde vi Bundesstrassen, ikkje Autobahn. Slik fekk vi sett litt meir, unngjekk køproblem, og kom omtrent like raskt fram. Ein av passasjerane på turen, Jens Skoug i frå Brøttum, har mange år bak seg med trailertransport gjennom Tyskland – som både sjåfør og lastebileigar. Også reiseleiar på turen, Kåre Karlsen, har køyrt trailer mange år på kontinentet. Jens hadde ytra ønskje om å legge lunsjen denne dagen til Mellendorf Autohof, der han var stamkunde i si tid. Her var det god aktivitet og god mat framleis, så vi vart gode og mette også her! I nydeleg ver kom vi onsdag kveld fram til Hotel Schlossmühle www.schlossmuehle.de i den Unesco-verdsarv-lista byen Quedlinburg. www.quedlinburg.de

Vi hadde no reist i tre dagar - men utan å slite oss ut, likevel ville vi ha ein dag med lite køyring. Eit naturleg utfluktsmål vart damptogtur til fjelltoppen Brocken, eller Bloksberg, som vi kjenner den som. Til den 1142 meter høge fjelltoppen går det damptog www.hsb-wr.de året rundt, sjøl om det kan vere oppunder 4 meter snø på toppen. I snittmålingar mellom 1960 og 1990 var det 176 dagar i året med snødekke der. Antal skoddedagar var 306 i snitt pr. år, men skodda såg ikkje vi noko til. Ei fantastisk utsikt i alle retningar, med sikt så langt som 230 km på det meste.

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter fjellturen køyrde vi innom byen Wernigerode, også den står på Unesco si verdsarvliste, saman med endå ein naboby i Harz-området, Goslar. I Wernigerode var det togstallar midt i sentrum, og vi kunne sjå damptog køyre gjennom bygatene der sporet m.a. gjekk gjennom vegkryss, så for biltrafikken var det berre å vente. Fleire i reisefølgjet vårt er også meir enn middels interesserte i skinnegåande transport, så dagen vart ekstra fin for dei, i tillegg til ei flott oppleving for oss alle.

Neste dag kom utflukt til VW-konsernet sin opplevingspark og –museum; Autostadt! www.autostadt.de Vi køyrde opp til Wolfsburg, og brukte heile dagen på det gigantiske området. Vi fekk med oss omvisning både i opplevingssenteret og på den største av dei 63 fabrikkane til VW kring om i verda.

Ved fabrikken i Wolfsburg vert det produsert 3700 bilar kvar dag, av modellane Golf, Tiguan og Touran. Elling Westerås frå Geiranger hadde nettopp sett ein ny Tiguan i bestilling heime, men han såg ingen bil med namnet sitt på då vi var på besøk. På kundesenteret i Autostadt kunne ein hente sin nye bil, og to glastårn stod stappande fulle med bilar som venta på sin nye eigar. Fabrikken i Wolfsburg var på 1,9 kvadratkm, og det er større enn fyrstedømmet Monaco! Det vart laga til 40 000 måltid kvar dag til dei tilsette, blant desse jobba 2500 i lakkavdelinga – sjøl om den var mykje automatisert; 90 i helseavdelinga med fysioterapeutar og legar; og til det flotte uteområdet var det 35 gartnarar tilsette.

 

 

 

 

 

 

 

 

I ”ZeitHaus” – ”Tidshuset” var det bilar frå alle delar av bilhistoria. Og bilar av alle typar og merke – slett ikkje berre VW-produkt.

Her var mykje å sjå, og her var bokhandel med godt utval av interessante bilbøker. Elles var det på området paviljongar der dei ulike merka i VW-konsernet hadde presentasjonar av sine nyaste modellar. Til vårt besøk i Autostadt hadde Kåre Karlsen hatt kontakt med Elin Röhme frå Orkanger. Mor hennar er tysk, og Elin har arbeidd ved Autostadt i fleire år.

Tilbake i Quedlinburg gjekk vi på byen for å prøve ein av dei lokale restaurantane sitt middagstilbod, og Tyskland må berre seiast å vere eit flott land for dei som er glad i mat også – i tillegg til å vere glad i bil!

Vi skulle no snu nasen nordover att, og reisa gjekk nordvestover mot byen Celle. Her hadde vi pause og tid til å rusle i bysentrum og å kjøpe oss lunsj. No var vi komne til laurdag, og det var mykje folk og travel handel i sentrum. Ein sjarmerande by, dette også – kjent for sitt julemarked. Kan nemne at eg fekk ei ”verda er lita-oppleving” ein drøy månad etter denne turen. Då køyrde eg for Island Offshore på ein blåtur, og kom i prat med ei av damene frå firmaet. Ho hadde ein liten aksent, og rett nok, ho fortalde at ho var frå Celle. ”-Der var eg for nokre veker sidan”, sa eg, og fortalde at vi køyrde dit etter nokre dagar i Quedlinburg. ”-I den byen har eg ei søster som arbeider på hotell”, sa dama. ”-Det er visst ei ombygt mølle ved slottet…” Då kunne eg fortelle at vi budde på det hotellet. Slottsmølla/Schlossmühle – ja, verda er lita.

Etter pausa i Celle køyrde vi den korte strekninga til Bergen-Belsen, der det no er minnestad for dei grufulle hendingane som denne plassen var åstad for under krigen. www.bergen-belsen.de Alle dei gamle bygningane vart jamna med jorda etter krigen, men i dokumentasjonssenteret på staden er det omfattande skildringar både i tekst og bilete frå konsentrasjonsleiren der i skogen. Vi måtte ta med oss også denne delen av den tyske historia, ikkje berre den glade, stolte bilhistoria i landet.

Vi enda opp i Hamburg, på eit hotell som var så flott at vi knapt trudde at det var dette vi hadde betalt for. Eit heilt kvartal fylte hotellet, og vi budde som grevar og grevinner! Det var litt å gå inn til sentrumskjernen, men ikkje verre enn at dei fleste sparte taxi-pengane. Det var Hamburg som bestemte datoane for denne turen, for søndag 2. oktober hadde vi funne ut at det skulle vere ”Trafikkhistorisk dag” i byen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det var lagt opp til ulike rundreiser med veterane sporvogner, bussar og båtar. Med reiseleiar Karlsen som ”sporhund”, tok dei fleste fatt på ei rundreise der vi fekk oppleve fleire oldtimer-transportmiddel. Sjåføren på bussen vi tok var svært imponert då han høyrde at gruppa vår hadde lagt opp tur der m.a. dette arrangementet var ein av attraksjonane på reisa, og vi utveksla sjølsagt kontaktinformasjon og fekk vite litt om drifta av veteranbussane der nede. Det vart klart for oss at vi hadde mykje av dei same utfordringane, enten vi dreiv med gammal buss i Tyskland eller her heime! Hamburger Omnibus Verein www.hov-bus.de

Etter ei siste natt på det luksuriøse Hotel Grand Elysée www.grand-elysee.com i Hamburg, køyrde vi måndag morgon opp til Kiel – når vi no hadde vorte vande med så flotte hotell og god mat, syntes vi at vi måtte avslutte reisa med stil og Kielferje til Oslo. Oppover til Kiel var det rolege forhold på vegane, for 3. oktober er heilagdag i Tyskland, til minne om gjenforeninga mellom aust og vest. Vi hadde god tid i Kiel, og vi stoppa opp rett ovanfor Schwedenkai. Der var det nemleg veteranbilutstilling, truleg ein lokal veteranbilklubb som hadde samling og viste fram bilane sine. Og serverte kjempegode pølser frå grillteltet.

 

 

 

 

 

 

 

 

Heile turen gjekk i eit fantastisk fint ver, med gode temperaturar. Deltakarane høyrdes ut til å vere godt nøgde, og vi tok avskjed med dei første då vi kom i land i Oslo. Mange hadde reist i lag på dei tidlegare turane, men for nokre var det første gongen. Vi køyrde nordover, og for våre Brøttum-passasjerar køyrde vi gamlevegen mellom Moelv og Lillehammer. På Skoug steig Jens og Asbjørn av, og vi fekk sjå både veterane bussar og bilar i tunet hos Jens. Deretter vart bussen meir og meir romsleg etterkvart som folket fann heim att.

OKB har idéane klare for ny RHF-tur i 2013. Då går turen mot Nederland og Belgia, med europeisk veteranbusstreff som hovedmål for turen. Elles er både Nederland og Belgia rike på stader å besøke for oss med bussbasillar i kroppen, så allereie no var det fleire som melde si interesse når så langt kjem.

OKB vil takke for eit svært hyggeleg reisefølgje, og ser fram til å finne på nye reiser i RHF-regi. Du kan gjerne kike på www.okb.no - men du vil ikkje finne noko om oss der…

Med helsing frå Ola og Kåre