Årsmøtereferat 2011
Det var igjen klart for årsmøte i RHF avd. Sunnmøre, og som vanleg siste åra, var det restauranten på Sunnmøre Museum som var møtestaden, ein mild tysdagskveld, 1.2.11 kl. 1900. 24 medlemer møtte fram.
Leiar Ola Rangsæter ønskte velkomen, og orienterte litt om arbeidet i hovedstyret med å søke statleg grunnstøtte frå Kulturrådet, som det også for 2012 vart søkt om. Hittil har ein – i likheit med mange andre kulturvernorganisasjonar – ikkje nådd fram med søknaden. Vi håpar at det vert napp for 2012! Løyvefritak er eit anna velkjent tema, og her kan det no vere grunn til å vere optimistisk. RHF avd. Trøndelag har oppnådd å få godkjent løyvefritak for ein del vogner, etter vurdering m.a. av ESA.
Det gode samarbeidet mellom RHF Sunnmøre og Sunnmøre Museum vart trekt fram, og skryt vart også gitt til museums- og dokumentasjonskomitéen vår, og i særdelesheit Tor Sindre Grønningsæter, som er ein solid allrounder og krumtapp i mykje av vår drift. At vi no er komne i gang med fine nettsider, er både Tor Sindre og også Inge Arnfinn Rønstad si forteneste. Avdelinga er no registrert i dei naudsynte register i Brønnøysund, og vi er allereie godt i gjenge med inntekt frå Grasrotandelen til Norsk Tipping. Kasserar Jan O. Lien har gjort godt arbeid for å få alt dette ordna.
Den formelle delen av årsmøtet vart innleia med val av møteleiar og referent. Det var forslag på Jan Arild Refsnes som møteleiar,og Ola Rangsæter som referent. Desse vart samrøystes valde.
Innkallinga vart også samrøystes godkjent.
Årsmeldinga var kopiert opp, og vart utdelt kring borda. Etter ei kort pause for gjennomlesing, og litt korrigering av vognopplysningar/status vogner, vart årsmelding for 2010 samrøystes godkjent.
Reknskap for 2010 vart også delt ut og gjennomgått av Ola (i kasserar Jan O. Lien sitt fråver). RHF Sunnmøre har hatt ei beskjeden drift i 2010, og dette viser att både på inntekter og kostnader. Vi har ikkje hatt inntekter på køyreoppdrag i 2010, men også kostnadane var mindre enn budsjettert med, så vi gjekk i 2010 ut med eit underskot på litt over kr. 2900,-. Det reviderte reknskapet vart samrøystes godkjent.
Neste post på programmet var status for vognene, og i kortform vart dette gjennomgått slik: Skodjeruta/Bedford har godt stell av J.A. Refsnes, står i Brusdalen hos Storfjordens Automobilklubb. SRB T-1096 står i Brattvåg, verje er Øystein Hagen, bussen er ikkje i bruk og ber preg av å ha stått ute ubrukt i lengre tid. Noko usikkert eigarforhold sidan bussen var registrert på Fjord1 Gods/Transport etter at SRB gjekk inn i Fjord1 Buss Møre. GMC T-1505 er under arbeid hos SAK i Brusdalen, og får rimeleg komplett overhaling (forstilling, girkasse og bakende). Arbeidet nærmar seg sluttføring. NSB-kombien T-1226 står i Vågaveien, her er rive golvet i godsromet, og sveising på rammeverk er på gang i desse dagar. Lakking av bussen er målet etterkvart. Spjelkavikruta T-1056 står i garasje på Flatholmen, bussen er i bra stand, men litt rust rundt frontrutene. Nye dekk er på plass, og bussen vart så vidt brukt i turoppdrag i 2010. Emblemsruta T-1235 er seld til Nordmøre. Ellingsøybussen har det bra under vingen til Nettbuss Møre, med Hallvard Norvik som ”fadder”. Federalen til Tommen Eide og Forden til Steinar Hustøft har eit godt veteranbusstilvere i eiga garasje! Valldalbussen har tilhald i Brusdalen, der John Andreas Storås held den i god stand. Bussen til Olav Øverland på Stranda har vore med på treff seinast i fjor, og har tilhald på Stranda. Sparegrisen/Storfjord Rutebilar UE 28867 får godt stell av Karl Olav Johansen i Furene i Volda, og står også i vinter lagra på gamle Mørebilanlegget i Ørsta. Der står også T-1047, som har fått nytt rammeverk innsveist. Nytt golv og opptrekking av stolane står for tur, så denne bussen får kvileår også i 2011.
Det var kun ei innmeld sak til årsmøtet, og det er ei sak som har vore omsnakka før, men som ikkje formelt har vorte vedteken: Årsmøtet vedtok etter framlegg å velje eit ”styremedlem med web-ansvar” under val av nytt styre.
Val av nytt styre: Ola Rangsæter hadde sagt frå seg attval som leiar, og valkomitéen la fram forslag om Jan Arild Refsnes som ny leiar. Det vart kun interne rokeringar i styret, og det nye styret ser slik ut:
· Leiar: Jan Arild Refsnes, vald for 1 år
· Nestleiar: Petter K. Ulvestad, vald for 2 år i 2011
· Kasserar: Jan O. Lien, ikkje på val i 2011
· Sekretær: Ola A. Rangsæter, vald for 2 år i 2011
· Styremedlem: Leif Jon Masdal, ikkje på val i 2011
· Styremedlem: Tor Bakke, gjenvald for 2 år i 2011
· Styremedlem med web-ansvar: Tor Sindre Grønningsæter, vald for 2 år i 2011
· Varamedlem: John Andreas Storås, vald for 1 år
· Revisorar: Stein A. Roald og Tom Arild Eide, gjenvalde for 1 år
· Museums- og dokumentasjonskomité:
Per Birger Eliassen, Tor Sindre Grønningsæter og Einar Skjegstad, gjenvalde for 1 år
· Valkomité: Kristian Weiberg Olsen, Fridtjof Buset og Hallvard Norvik.
Alle val vart gjort med akklamasjon.
Etter at saklista var gjennomgått og valet var gjennomført, takka nyvald leiar Jan Arild Refsnes for tilliten. Svein Ove Flaten frå Sunnmøre Museum inviterte oss til å delta på ”teknisk dag” søndag 21. august. Her treng ein ikkje stille ”berre” med veteranbuss – alt teknisk er interessant. Primus, traktor, noko rart frå kjellarbuda eller loftet, gravemaskin, radioar; ein skal greie å få plass til det meste! Men sjølsagt er årgangskøyretøy svært velkomne, om det er lastebil, buss eller Morris Mini. Dersom nokon vil delta, så kan ein ta kontakt med museumskomitéen. Set av dagen, enten du vil stille ut eller kome på besøk!
Vi avslutta kvelden med jubileumsfilm frå Veøy Billag, utlånt frå Arve Øwre, og mimra vidare med Tor Bakke sine opptak frå turen til veteranbusstreffet i Førde i 1993.
Ola A. Rangsæter
referent