ÅRSMØTE FOR RHF SUNNMØRE PÅ DET NYSTIFTA RUTEBILHISTORISK SENTER EFB

Det har verkeleg skjedd mykje på eitt år. Då vi hadde årsmøte i fjor, våga ikkje styret å gå ut med moglegheita for å få hand om eige bygg til foreninga - det heile var for usikkert og såg framleis litt uoverkomeleg ut for oss.

Men draumen vart verkeleg for RHF Sunnmøre! Denne milde vinterkvelden 26. februar kunne vi ønskje medlemane våre velkomne i eige bygg. I verkstadhallen på Rutebilhistorisk Senter EFB var nokre av våre losjerande vinterlagra objekt rulla ut, og bord og stolar var sett opp, og brennsnuten stod på kokeplate og godgjorde seg medan vi skulle gjere unna det formelle møtet.

Det var 30 frammøtte medlemar til årsmøtet - altså 1/3 av vårt samla medlemsantal. Mange var spente på å sjå vårt nye hus, men fleire ønskjer seg på besøk når det er lysare kveldar og lettare å ta ut på tur. Det vil bli rikeleg med sjansar til det, og dugnadsbehovet er stort dersom vi skal få gjort alt vi har planar om med bygget. No er det eit bygg i god stand vi har teke over, men måling og oppussing innvendig vil gje senteret vårt eit løft!

Leiar Jan Arild Refsnes ønskte velkomen, og fortalde korleis styret sitt arbeid fram mot kjøp og overtaking av bygget hadde føregått. Tunga på vektskåla i denne prosessen, var at vi fekk stønad til kjøp frå Møre og Romsdal Fylkeskommune. Først frå Samferdsleutvalet hausten 2012 med kr. 300 000,- i løyving, og no på nyåret 2013 også frå Kultur- og Folkehelseutvalet som løyvde kr. 200 000,- til kjøp av dette autentiske rutebilanlegget frå slutten av 1970-talet. Sjøl om vi søkte om kr. 500 000,- frå begge utvala, er vi sjølsagt godt nøgde med å ha oppnådd 50 % av det vi søkte om. Vi er svært så takksame i høve fylkespolitikarane, som vi veit har mange tøffe prioriteringar å gjere med stramme budsjett i dei ulike sektorane.

Etter å ha gjort unna dei innleiande formalia i møtet, der leiaren vart valt til møteleiar, og Frode og Hans Olav Drabløs valde til å skrive under referatet, vart årsmeldinga for 2012 lesen opp av underteikna som sekretær. Nokre år er det eit slit å finne noko å skrive om i årsmeldinga, men 2012 var eit år med svært stor aktivitet i styret, og mange ting som flaska seg fram mot overtaking av Ellingsøy Ferje- og Billag A/S sitt anlegg rett før jul i fjor.

Hedersprismottakar Tor Sindre Grønningsæter og idémakar, støttespelar og ambassadør for oss; Hans Olav Drabløs, vart begge applauderte av forsamlinga. Frå gleda tok vi oss tid til ei stille alvorsstund til minne om to av våre svært aktive medlemar; Einar Skjegstad og Hallvard Norvik, som gjekk bort i 2012.

Kasserar Jan Ole Lien gjekk gjennom reknskapen, som fekk uvanleg store tal involvert ut gjennom fjoråret. Gode sponsorar, løyvingar og etterkvart også banklån, samt lån frå hovedstyret i RHF, gjorde sitt til at ein kunne kjøpe EFB-anlegget for takst på kr. 1 950 000,-. Det vart etterlyst budsjett for drifta av senteret, og driftsselskapet vi har stifta, Rutebilhistorisk Senter EFB AS, vil få utarbeidd dette så snart som råd. Etter nokre månader som huseigarar har vi begynt å få litt erfaring med kostnadsnivået. Førebels vert økonomien i prosjektet balansert ved utleige til vinterlagring av ymse objekt.

Stoda for bussane som høyrer inn under RHF Sunnmøre sitt område vart gjort greie for. Kombinertbussen frå NSB Biltrafikk Ålesundruta er under karosserirenovering, likeeins T-1047 frå Mørebil, der golvet no snart er tett.

For å få rom for meir effektiv og rimeleg kommunikasjon med medlemane våre, gjorde vi vedtak om vedtektsendring der det vert opna for at ein kan kalle inn til ordinært og ekstraordinært årsmøte via epost. Dei som ønskjer brevpost, vert ført opp på liste for å få slik utsending.

Fridtjof Buset frå valnemnda drog så igang val av nytt styre:

Leiar Jan Arild Refsnes vart gjenvald som leiar for 1 år, og Per Birger Eliassen vart vald som nestleiar etter at han har vore ute av styreaktivitet i foreninga i mange år. Han erstatta Petter K. Ulvestad. Som varamedlem vart Fridtjof Buset vald inn, etter Leif Jon Masdal som gjekk ut av styret. Kristoffer Emblem vart vald inn i museums- og dokumentasjonskomitéen, etter Einar Skjegstad. Elles vart det attval på samtlege posisjonar.

Styret er av den formeining at det er kjekt og gjevande å drive med styrearbeid når ein kan få til noko slikt som RHF Sunnmøre har greidd siste året. Også den praktiske dugnaden må no intensiverast, og frå 1. april vert det fast arbeidskveld på Rutebilhistorisk Senter EFB kvar måndag frå kl. 1800.

Den formelle delen av møtet vart avslutta med takk for innsatsen til Petter K. Ulvestad og Leif Jon Masdal som gjekk ut av styret, og også til alle som hadde gjort sitt til prosessen med Ellingsøyanlegget.

Det var naturleg å følgje opp med historikk om Ellingsøy Ferje- og Billag, og Tor Sindre Grønningsæter hadde presentasjonen klar. Mange gode bilete frå tidlegare tider gav godt innblikk i rutebildrifta på Ellingsøya og ferjedrifta mellom øya og Ålesund. I tillegg vart det vist årgangs-reklamefilm frå Volvo, der fleire bussar frå Sunnmøre var brukt som filmobjekt. Mange artige småsnuttar frå lokalt hald.

God mat og drikke høyrer med på ein festkveld som dette, og brennsnut, sjokoladekake og anna stod klart på matbordet då film- og bildeframsyninga starta. Stor takk til dugnadgjengen som hadde lagt til rette og ordna ut med alt som trengdes. Vi som skulle ta ferje heimatt hadde som vanleg god grunn til å stikke av utan å hjelpe til med ryddinga. Vi får kome sterkare tilbake i så måte.

Mitt inntrykk er at alle gler seg over kva vi har fått til så langt, og at det er store planar om å få til eit aktivt og interessant rutebilhistorisk formidlingsmiljø rundt det godt eigna anlegget til RHF Sunnmøre. Når vi er komne betre i gjenge, skal vi nok vite å invitere folk med felles interesse på besøk til oss!

Ola A. Rangsæter

referent