ÅRSMØTE 2015 I RUTEBILHISTORISK FORENING AVD. SUNNMØRE

Den nymåla verkstadhallen på Rutebilhistorisk Senter EFB var laurdag 21. februar rigga med stolar og bord for å ta imot medlemar til årsmøte. Midt mellom NSB-kombinertbussen og den lekre Scania snute-trekkvogna frå Sularuta - begge nylakka og snart klare for ny dyst i veteranteneste - møttest omlag 30 rutebilhistorikarar. Til dette årsmøtet hadde avdelinga heile RHF sitt hovedstyre på besøk, sidan dei hadde sitt vintermøte på Ellingsøya denne gongen. Vårt nye, lyse møterom passa godt til dette føremålet, men er litt for lite til ei årsmøtesamling.

 

Hovedstyret i RHF, her fra en omvisning hos Nettbuss i Vågaveien

Jan Arild Refsnes ønskte velkomen, og han vart også valt som møteleiar. Ola A. Rangsæter vart valt som referent, Havtor Godø og Kristoffer Emblem signerer protokollen.

 

Det er sjeldan usemje på våre møte, og også denne gongen vart både innkalling, årsmelding og reknskap godkjent utan endringar. Sekretær Ola A. Rangsæter og kasserar Jan Ole Lien gjekk gjennom og viste årsmelding og reknskap for 2014 i tekst, tal og bilde.

 

Det var ikkje kome inn framlegg til saker eller vedtektsendringar, så neste punkt på programmet var val av styre. Leif Jon Masdal kom på vegner av valnemnda med framlegg om attval av heile styret, som hadde sagt ja til dette. Styret for Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmøre ser slik ut:

 

Leiar, Jan Arild Refsnes (Vaksvik/Ørskog), 1 år

Nestleiar, Per Birger Eliassen (Ålesund), 2 år

Kasserar, Jan Ole Lien (Ålesund), ikkje på val

Sekretær, Ola A. Rangsæter (Volda), 2 år

Styremedlem, John Andreas Storås (Skodje), ikkje på val

Styremedlem m/web-ansvar, Tor Sindre Grønningsæter (Godøy/Giske), 2 år

Styremedlem, Tor Bakke (Volda), 2 år

Varamedlem, Fridtjof Buset (Vartdal/Ørsta), 1 år

 

Revisorar, Stein A. Roald (Ålesund), og Tom Arild Eide (Valle/Skodje), 1 år

Museums- og dokumentasjonskomitéen har Tor Sindre Grønningsæter, Per Birger Eliassen, og Kristoffer Emblem (Emblem/Ålesund), som medlemar i 1 år.

 

På spørsmål frå årsmøtet, sa Leif Jon Masdal ja til attval også av heile valnemnda. Petter K. Ulvestad (Vatne/Haram) og Ove Moen (Måndalen/Rauma) er dei andre medlemane av valnemnda. Sørsida av Romsdalsfjorden, kommunane Vestnes og Rauma, har i rutebilsamanheng sterk tilknytning til Sunnmøre. Dette gjennom samarbeid og samkøyringar mellom Valldal og Åndalsnes, samt på ruta mellom Åndalsnes og Ålesund. Det er vedtektsfesta at dette området høyrer inn under RHF Sunnmøre, sjøl om ein i Møre og Romsdal også har RHF avd. Nordmøre og Romsdal. Elles har RHF praksis for at medlemane kan velje å vere lagt under ei anna lokalavdeling enn den dei naturleg høyrer inn under geografisk. Dette kan vere ønskjeleg dersom ein t.d. har arbeidd eller budd ein annan stad i landet, og føler at ein høyrer heime og vil støtte opp under ei anna lokalavdeling.

 

Det fullstendige gjenvalet av styre og nemnder kan stå som ein indikator på ei stabil drift av foreninga vår - dei som er engasjerte trivst med hobbyen sin og er villige til å gjere ein innsats!

 

Medan matøkta tok til, vart det orientert om planane for å arrangere RHF Veteranbusstreff 2018 i Ulsteinvik. I mai 2018 vil RHF Sunnmøre stå som arrangør av vår forening sitt landsmøte med utstilling av opp mot 100 veteranbussar!

 

Tor Sindre Grønningsæter viste deretter lysbilde og orienterte om arbeidet med Rutebilhistorisk Senter EFB. Frå Norsk Kulturminnefond fekk vi ei løyving på inntil kr. 200 000,- til restaurering av rutebilanlegget på Ellingsøya, etter at vi fekk kjøpt bygget med opptak av lån, og hjelp i form av stønadsbeløp frå Samferdelsutvalet og Kulturutvalet i Møre og Romsdal.

 

 

 

 

 

Jan Arild Refsnes       Havtor Godø                         Kristoffer Emblem

møteleiar                      for årsmøtet                          for årsmøtet