HYGGELEG ÅRSMØTESAMLING
I RHF AVD. SUNNMØRE
Kantina på "Olas Truckstop"
Etter nokre år med årsmøtesamling på Rutebilhistorisk
Senter EFB på Ellingsøya, var det no på tide med ei samling på "søre luten".
Kantina hos Nettbuss i Furene i Volda er ein god stad å møtest, eit lyst lokale
med brukbar plass, men på same tid intimt og med mykje god rutebilhistorie på
alle veggar!
Laurdag 5. mars litt før oppmøtetid kl. 1200 ankom RHF
Sunnmøre sin flotte SRB Vest Liner frå Harøyruta med 19 rutebilhistoriske
entusiastar. Med dei frammøtte medlemane frå søre, vart vi 34 personar totalt.
Kantina var velfylt då underteikna ønskte velkomen til Furene, og leiar Jan
Arild Refsnes opna årsmøtet offisielt.
Dagsorden
Som møteleiar vart Jan Arild Refsnes valt, og som
referent Ola A. Rangsæter. Protokollunderskrivarar vart Svein I. Myklebust og
Asbjørn Grønnevik.
Innkallinga vart godkjent, og neste post var årsmeldinga
for 2015. Denne har vore laga som Powerpoint-fil siste åra, med bilde saman med
faktatekst. Årsmeldinga vart dermed gjennomgått som lysbildeframvising på
skjerm, og vart supplert med detaljar frå nokre av medlemane i styret. Ein litt
meir underhaldande måte å oppsummere fjoråret på, som vart godkjent utan
merknad.
Kasserar Jan Ole Lien delte ut kopiar av reknskap og
balanse for 2015, og gjekk gjennom tala. Vi har etablert EFB-senteret vårt som
aksjeselskap, og dette gjer at ein må ta særlege omsyn økonomisk i høve
foreningsdrifta. Drift av eit selskap etter aksjelova må gjerast nøyaktig, sjøl
om det ikkje er tilsette i vårt AS. Det er krevande å ha både AS-økonomi og
foreningsøkonomi, men vår autoriserte reknskapsførar for AS-et er ei solid
støtte som går god for at vår økonomirapportering er i orden. Våre interne
revisorar hadde gått gjennom foreningsreknskapen, og den vart godkjent utan
merknad.
I år var det ingen vedtektsendringar eller innkomne
forslag, så vi gjekk rett over på siste post på programmet, som var val av nytt
styre. Leif Jon Masdal i valkomitéen la fram følgjande framlegg:
Vårt nye styre
Som ny leiar vart Jan Ole Lien valt, og ny kasserar vart
Jan Arild Refsnes - dei to herrane bytte altså verv i styret. Det vart heller
ikkje andre utskiftingar, der dei andre på val var styremedlem John Andreas
Storås og varamedlem Fridtjof Buset. Begge våre revisorar Stein A. Roald og Tom
A. Eide tok også gjenval, det same gjorde vår museums- og dokumentasjonskomité,
der Tor Sindre Grønningsæter, Per Birger Eliassen og Kristoffer Emblem vart
supplerte med Petter K. Ulvestad. Til slutt var det på tide å få på plass
valkomité, og på spørsmål frå årsmøtet tok Leif Jon Masdal, Petter K. Ulvestad
og Ove Moen gjenval. Alle val vart gjort samrøystes og utan motkandidatar.
Dei øvrige i styret, som ikkje var på val i år, er
nestleiar Per Birger Eliassen, sekretær Ola A. Rangsæter, og styremedlemane Tor
Bakke og Tor Sindre Grønningsæter.
Synfaring på området
Etter at det formelle var unnagjort, tok vi ein
beinstrekk før maten kom på bordet. Mange nytta høvet til å ta ein luftetur ut i
det fine veret, og det var mykje å kike på. I tillegg til den omtala SRB-farga
Vest Liner'en, har RHF Sunnmøre også fått ein Vest Ambassadør av Nettbuss etter
materiellgjennomgangen ved anbodsstarten på Søre Sunnmøre frå sist nyår.
Ambassadøren er ein buss frå tidlegare Stranda og Sykkylven Billag, med det
siste fargeskjemaet frå dette selskapet. Bussen ser i stor grad bra ut, sjøl om
den i likheit med SRB-bussen har eit Volvo B10M-understell...
Vi låste også opp "nyehallen", der eit litt redusert
dekklager gjer at det no er plass til både Mørebil T-1047 og "Sparegrisen" UE
28867. 1047 har no fått på plass nylakka stolrammer på nytt golvbelegg over ny
dørk, ny bakre ramme og bakfjører. Nytrekte stolputer og ryggar ligg klare på
innandørs lager. No står det att å gjere rustreparasjonar i fronten, så er
bussen klar til ei heillakkering. Målet må vere å ha bussen klar att seinast til
RHF Veteranbusstreff 2018, som skal gå på "heimebane" i Ulsteinvik (...då har
bussen "berre" vore vekk frå treff kring 10 år!)
"Sparegrisen" har tent oss som ein god erstattar medan
1047 har vore under oppussing, og denne vesle Mercedes-bussen med Vest 3-påbygg
er i god stand, men skal få ei lettare kosmetisk oppussing når 1047 er ferdig.
Årsmøtemat
Når folk hadde reist så langt som heilt "uta bya", skulle
det berre mangle om vi ikkje serverte eit godt måltid. RHF Sunnmøre har no elles
brukt å by på noko, også om årsmøtet har vore nord om fjorden!
I år var vi ekstra heldige, for vi hadde fått
sjåførfruene Gerd Lid og Solveig "Sol" Walseth til å stå for matlaginga. Gerd og
Sol har vore tilsette ved Coop sitt butikk-kjøken og ferskvareavdeling i Volda i
ei årrekkje, så desse damene kan mat!! Dei har også vore med på utanlandsturane
våre annakvart år, heilt sidan oppstarten i 2007. Mange av dei frammøtte under
årsmøtet har vore med på mange turar, sist til England hausten 2015. Det vart på
mange måtar som eit lite turtreff også, dette årsmøtet!
Ein aldeles nydeleg brennsnut vart sett på bordet, med
påsmurt loff og vår lokale nasjonalsaft, Brænne leskedrikk Type Raud, som no er
relansert og vert selt gjennom Coop-kjeden på Sunnmøre. Etter nokre omgangar med
brennsnuten kom det skuffekaker på bordet, og vi starta ei bildeframsyning frå
"OKB 2015".
Englandsturen
Mange i forsamlinga hadde altså vore med på RHF-turen til
England hausten 2015, medan andre ikkje hadde høve til å vere med, og sette seg
til rette for å få ein billedkavalkade frå dei stadane vi besøkte. London,
Oxford, Gaydon, Leyland, Scarborough, Whitby, Goathland/"Aidensfield", og York
var nokre av stadane vi besøkte. Jan Hanken hadde også med minnepinne med sine
bilde, så vi fekk eit omfattande tilbakeblikk på fjorårets store reiseoppleving!
No var det tid for å bryte opp, og SRB'en vart lasta av
mette og nøgde RHFarar. Vi som var vertskap takkar for besøket - ei hyggeleg
stund!
Ola A. Rangsæter -
referent og sekretær RHF Sunnmøre