REFERAT FRÅ ÅRSMØTE RHF SUNNMØRE
Rutebilhistorisk Senter EFB, Ellingsøya, laurdag 7. mars 2020 kl. 1300

 

 

1)     Opning: Leiar Petter K. Ulvestad ønskte velkomen til 26 medlemar.

 

2)     Konstituering:  Hans Olav Drabløs vart valt som møteleiar.

                        Ola A. Rangsæter vart valt som referant.

                        Kristoffer Emblem og Tom Arild Eide vart valde til å underteikne møtereferatet saman med møteleiar.

 

3)     Innkallinga vart samrøystes godkjent.

 

4)     Årsmelding 2019 vart gjennomgått av sekretær, temavis med visning i Powerpoint. Godkjent med tekstkorrektur «Sjøholt», i staden for «Vestnes» under tema køyreoppdrag.

 

5)     Reknskap 2019 vart gjennomgått av kasserar. Godkjent utan merknad.

 

6)     Ingen vedtektsendringar var foreslått.

 

7)     Innkomne forslag:

·         Petter K. Ulvestad la fram forslag om å vurdere å ha betre servering med varmrett under årsmøta i foreninga.

·         Ved dette årsmøtet var det servering av påsmurde rundstykker, skuffekaker, kaffe/te, med pris kr. 50,- pr. deltakar.

·         Det var innvendingar mot forslaget ut frå at ein då vil ha behov for kjøkken eller catering, påmelding vert naudsynt grunna kostnad.

·         Enkel servering som dagens standard vart vurdert som god nok, frå dei fleste i møtelyden.

·         PKU trekte forslaget.

 

8)     Val:

      Fridtjof Buset la fram følgjande framlegg på vegner av valkomitéen:

·         Leiar Tor Sindre Grønningsæter 2 år

·         Nestleiar Jan Arild Refsnes 1 år (grunna internt byte, 1 år resttid i vervet)

·         Kasserar Jan Ole Lien 2 år

·         Styremedlem Per Birger Eliassen 2 år

·         Varamedlem Petter K. Ulvestad 1 år

·         Revisorar Frode Drabløs og Steinar Hustøft 1 år

·         Museumskomité Petter K. Ulvestad og Bjøro S. Hjelvik 1 år

·         Årsmøtet utpeikte følgjande valkomité: Bjøro S. Hjelvik, Sigmund Vatne, og John Andreas Storås

·         Alle val var samrøystes

 

·         Sekretær, og styremedlem (H.O. Drabløs), ikkje på val i 2020

 

 

Ellingsøya, 7. mars 2020

 

 

 

Hans Olav Drabløs                        Kristoffer Emblem                               Tom Arild Eide

møteleiar                                      for årsmøtet                                       for årsmøtet