DEI FØRSTE ÅRA MED DRIFT AV RUTEBILHISTORISK SENTER EFB (RHS)
 
Ein del oppussing stod for tur i bygget, sjølv om det var i generelt god stand. Det første som vart prioritert var sjåførromet, sidan leigeavtalen med stasjonering av sjåførane skulle ta til snarast råd. Eit møterom var også høgt prioritert, og dette vart laga der lagerromet i andre etasjen var. Sidan vi kom til å få ein del utgifter i oppussingsprosessen, vart senteret organisert som eit aksjeselskap for å få momsrefusjon. Stiftingsform vart forkasta, då RHF sentralt hadde hatt negative erfaringar med denne organisasjonsforma. RHF Sunnmøre hadde sjølvsagt full eigarskap og kontroll i AS’et for senteret. 

Etter tips fekk vi kontakt med direktøren i Norsk Kulturminnefond, som kom på besøk og ga gode råd. Det var stort sett innvendige tiltak vi prioriterte først, og vi fekk godt tilskot. Dugnad var ein stor del av eigenkapitalen i finansieringa, men det var sjølvsagt ein del utlegg til innkjøp av material og tilfang. Dette ga oss ei utfordring med likviditeten, sidan utlegga vart store og vi ikkje fekk tilskot utbetalt før dei 3 delmåla i prosjektet var nådde og ferdige. Vi hadde også full gjennomgang av el-anlegget og oppgraderte taklysa, samt overhalt kompressoren i bygget. Stiftelsen UNI var med på finansieringa gjennom tilskot. 

Møteromet i andre etasjen vart ferdigstilt først, med midlar til innreiing frå Stiftelsen Kjell Holm. Dette var eit langt og smalt rom, som etter nokre få år vart utvida i breidde inste del, til ut mot enden av smørjegrava (ferdig nyår 2020). På pauseromet motsett ende av andre etasjen, vart det seinare same året sett inn kjøkenbenk. Endeleg springvatn i andre etasje! 

Våren 2015 fekk RHF sentralt overta tekstillageret etter Vest Karosseri, og Arna Bruk. RHF Sunnmøre fekk tilbodet om å lagre stoffrullane, og vere ansvarlege for sal av tekstilar. I eine hjørnet av garasjedelen av bygget, bygde vi eit isolert rom med reolar til god lagring av tekstilane. Etter at hovedstyret sine reine utlegg kring overtaking og lagring av tekstilane var tent inn att gjennom sal, fekk RHF Sunnmøre overta det resterande lageret for omsetning i eigen regi. 

I 2018 arrangerte RHF Sunnmøre landsmøte og treff i Ulsteinvik. Mykje arbeid og førebuing, men god omsetning og overskot gjorde at vi kunne spandere på oss nye garasjeportar i verkstaddelen av bygget. Med isolerte portar kunne vi montere varmepumpe, og dette ga eit heilt anna inneklima og meir effektiv oppvarming. Eit stort løft for bygget! 

Med utbygging av fleire bustader i feltet aust for eigedomen vår, vart det behov for oppgradering av den private kloakklina frå Stokkereit. Dette vart ein langdryg og kronglete prosess, men vi er med på utbygginga og har eit nytt avløp frå bygget vårt.Det vart også oppgradert drens på nord- og vestsida av bygget. 

Vi bygde i 2020 ein skiljevegg med skinneoppheng ved inngangen til sjåførromet, som ein adgangskontroll mot verkstaden, etter at eit større antal sjåførar grunna skiftopplegg fekk tilgang til bygget. Her fekk vi også meir veggplass, som kunne brukast til formidling av fotosamling og fakta. Utstillingsrom vart oppgradert i 2021 m.a. med glasmonter for utstilling. 

I 2020 vart vi kontakta av drivstoffselskapet Tanken AS, med base i Rogaland, som ville etablere seg også i vår region. Etter ein grundig prosess kring ansvar og formalitetar, og tilstanden på tankanlegget vårt, gjorde vi langsiktig avtale med Tanken AS, om bruk av våre drivstofftankar for kommersiell drift. Nye pumper kom på plass seinhaustes 2020, og vår provisjon av selde liter drivstoff har vorte ei overraskande pen ekstrainntekt for foreninga. 

Utleige av vinterlagringsplassar har heile tida vore ei av dei stabile inntektene ved senteret vårt. Fleire faste kundar har fått lagra bussar, lastebilar, campingbilar, og båtar i vinterhalvåret. I tillegg har vi hatt parkeringsavtale med fleire vogneigarar for utandørs parkering på eigedomen vår. 

Vår gode nabo Hans Birger Fylling i næraste huset vest for senteret vårt må nemnast særleg. Han vart medlem hos oss, ein aktiv og mangfaldig person som nærast er som ein vaktmeister for oss. Godt å ha nokon nært bygget dersom ting skulle skje. «Basisgruppa» ved senteret treng ingen presentasjon for medlemane – vi veit kven dei er, og kva dei står for. Eigedomen vår hadde ikkje vore i den stand den er i dag utan dei. «Ingen nevnt – ingen glemt!»  
Planar vidare er måling av veggar og tak utvendig. Vi har søknad inne hos fylket om kulturmidlar til tekniske kulturminne, og det ser lyst ut i høve tildeling. Eit anna prosjekt er fornying av garasjeportane også i garasjedelen av senteret vårt. Takk til alle som bidreg til at Rutebilhistorisk Senter EFB stadig vert ein betre stad å vere for oss i RHF avd. Sunnmøre.

Takk til dei som kjem på besøk og gjer at vi kan føle stoltheit over å ha ein slik flott eigedom som vi har!