RHF SUNNMØRE BYGGER NO OPP "RUTEBILHISTORISK SENTER EFB" PÅ ELLINGSØYA
 

Å finne tak over hovudet til lagring og restaurering av veteranbussar er den evige kampen for dei fleste i RHF. Vi seier med rette at anbodssystemet kring om i landet gjer det stadig vanskelegare å få hand om gode lokale til vårt formål, men denne gongen var det nok eigentleg ei anbodskonkurranse som hjalp oss til å finne ei svært god løysing!

Ellingsøy Ferje- og Billag A/S (EFB) var eit av dei mange små ruteselskapa i Ålesundregionen som gjekk inn i det som vart Ålesund Bilruter, i dag Nettbuss. Både på Ellingsøya og på naboøyane var det ruteselskap som dreiv både ferjerute og bilruter. Mellom Vigra og Valderøya vart det fylling med køyreveg, og der heitte selskapet Rekord og Vigra Rutelag A/S. På Ellingsøya oppretta EFB privat ferjesamband mellom Hoff på Ellingsøya og Flatholmen i Ålesund i 1946. Det vart seinare også ferjeanløp ved Skateflukaia i sentrum. Bilruter kom i gang i 1947 mellom Taftasund/Lorgja og Hoff. Seinere også godsrute mellom Ellingsøy og Ålesund.

 

Det var bygdevegar på Ellingsøya frå kring 1910, og i åra mellom 1977 og 1988 var det stor vegopprusting til moderne standard. Ellingsøya fekk fastlandssamband innover mot Mauren og Stette i Skodje kommune då brua over Taftasundet inst i austre enden av øya vart opna i 1961. Sjøl om ein då hadde fastlandssamband via Dragsundet eller Skodjebruene, var det ferdsla til og frå Ålesund sentrum som var hovedferdsla på Ellingsøya. Her fekk ein ferjeavløysing i 1987, då dei undersjøiske tunnelane vart opna. MRF hadde då drive ferjeruta frå 1976.

Etter at også buss- og godsrutedrifta vart overført frå EFB til Ålesund Bilruter i 1985, gjekk EFB over til å vere eigar av garasjeanlegget på Stokke på Ellingsøya. Dette vart leigt ut til ÅB, seinare Nettbuss. Så kom anbodskonkurransen også til Ålesund-området med verknad frå 1.1.12. Her vart det Fjord1 Buss Møre som fekk tilslaget på anbodet, og Nettbuss si avtale med parkering og stasjonering ved EFB-anlegget gjekk ut. EFB ga no signal om at dei ønskte å selje bygget, sidan ein ikkje hadde fast leigetakar.

Veteranvognmiljøet på Sunnmøre har ei god drivkraft gjennom Hans Olav Drabløs, adm.dir. i Team Verkstedsenter Møre AS. Han såg for seg at EFB-anlegget på Ellingsøya kunne verte ein fin tilhaldsstad for RHF Sunnmøre. I styret i lokalavdelinga leika vi litt med tanken, og tenkte tanken at "det hadde vore noko, det...", utan å heilt ha tru på at dette let seg realisere. Men så kom genistreken:

Fjord1 Buss Møre hadde i sitt anbodsopplegg måtte legge opp til parkering av vognene på Ellingsøya på ein parkeringplass ved ein butikk, utan å kunne tilby sjåførane ein stasjoneringsstad med pauserom og toalett. Denne ordninga var det eigentleg ingen som ønskte, og den vart heller ikkje gratis. Både parkeringsavtale og kompensasjon til sjåførane kostar pengar. Nettbuss og Fjord1 Buss Møre har no eit tett samliv i Vågaveien i Ålesund (også i eigarskap), og Hans Olav Drabløs m.fl. fann fram til at dersom RHF Sunnmøre kjøper Ellingsøyanlegget og leiger ut parkering og sosiale rom til stasjonering for sjåførane på øya, så ville leigeinntektene kunne forrente eit lån på godt over 1 million kroner. 

No såg styret i RHF Sunnmøre at det faktisk kunne vere realisme i å få til eit kjøp av bygget. Taksten på det godt vedlikehaldne bygget kom på kr. 1 950 000,- + omkostningar, så det var likevel eit stykke opp og fram til ein kunne våge å gå for ein handel. Vi starta ei storstila "tiggarrunde" både til fond og ideelle stiftingar, til leverandørbedrifter og lokale bedrifter på Ellingsøya, kronerulling i RHF, og ikkje minst søkte vi Møre og Romsdal Fylkeskommune om midlar, både gjennom Kulturavdelinga og Samferdsleavdelinga. Det var mange lovord å få frå offentleg hald, særleg var samferdsleadm. veldig positivt innstilte til å finne ei løysing for oss. Dei såg likevel for seg eit samarbeid med kultursektoren for å gje ei løyving.

Etter fleire søknader, framsnakking frå samferdslekontoret, og positiv omtale, kom stadige avslag frå kultursektoren. Dei hadde ikkje ei krone å avsjå til tiltaket vårt. No tok det til å haste for RHF Sunnmøre, for vi hadde frist frå selgar i sommar som vi hadde fått utsett. Dette fordi eigarane i EFB hadde svært stor sans for konseptet med eit Rutebilhistorisk Senter i anlegget! Hausten 2012 hadde samferdslepolitikarane i Møre og Romsdal hatt ei svært stor og viktig sak å jobbe med, nemleg Nordøyvegen - fastlandssamband for Nordøyane. Dette prosjektet gjekk samrøystes gjennom i alle dei fylkespolitiske organa. Vårt prosjekt "drukna" litt i alt dette. Samferdslepolitikarane i Møre og Romsdal fekk endeleg opp saka om løyving til oss i møte 5. september 2012. Leiaren i utvalet, Oddbjørn Vatne, kom med framlegg om kr. 300 000,- i løyving til Rutebilhistorisk Forening Sunnmøre til kjøp av rutebilanlegget på Ellingsøya! Etter ein del lobbyverksemd tidlegare i år, og særleg i dagane før møtet, vart framlegget samrøystes vedteke!

Hipp hurra!

Dette var tunga på vektskåla! No kunne vi våge å satse på kjøp av anlegget. Ein god innsats frå m.a. RHF-medlem og tidl. EFB-tilsett Hallvard Norvik har gitt bra med tilskot frå det lokale næringslivet på Ellingsøya - og her finnst det fleire store bedrifter i ulike bransjar. I tillegg har hovedstyret i RHF gitt RHF Sunnmøre eit rentefritt lån på kr. 150 000,- over 5 år. For å ha god ryggdekning, og alt det formelle på plass, kalla RHF Sunnmøre inn til ekstraordinært årsmøte laurdag 6.10.12 for å ta stilling til spørsmål kring kjøp av EFB-anlegget. Møtet vart halde i veteranbussen frå EFB, etter synfaring på anlegget. Her møtte optimistiske og entusiastiske medlemar opp, og gjorde vedtak om at RHF Sunnmøre skal kjøpe EFB sitt anlegg. Leiar og kasserar får fullmakt til å ta opp lån inntil kr. 1 500 000,- til formålet, og ein vedtok vidare at eigarselskapet i prosjektet skal heite "Rutebilhistorisk Senter EFB", og at dette skal verte eit aksjeselskap med RHF Sunnmøre som hovedaksjonær. Styret i RHF Sunnmøre skal vere generalforsamling i selskapet. Med registrering av selskapet i boks, er det no om å gjere å få god flyt i driftsinntektene både for RHF Sunnmøre og Rutebilhistorisk Senter EFB.

Bygget som ligg på søraustre delen av Ellingsøya er eit tidstypisk garasjeanlegg frå 1978. Bygt i stål med 7 lange og høge portløp, der 4 løp er uisolerte. Verkstaddelen med smøregrav og lager-/kontorrom er isolert. Samla BTA er 504 kvm. Ute er det tankanlegg som ikkje er i drift. Her er tidstypiske drivstoffpumper og "kontokort"-lesar.

Tidlegare i haust passa det slik at direktøren i Kulturminnefondet, Jon Suul, var på møte i Geiranger. Han tok sporty turen utom Ellingsøya og kikka på anlegget saman med nokre av oss frå RHF Sunnmøre. Signala var at det var sjeldan ein såg eit så lite endra bygg i så god stand. Likevel såg han, til liks med oss, behov for ein del restaureringsarbeid, noko han ga oss god forhåpning om å løyve midlar til! Ein søknad på over 50 sider, inkl. 13 vedlegg, vart sendt til Kulturminnefondet på Røros i slutten av oktober. Her får vi neppe svar før godt ut på nyåret, men vi kryssar fingrane for løyving.

Senteret vil finne si form etter kvart. Til våren vil renoveringsarbeidet starte for alvor, og etterkvart skal parkering av veteranbussar etablerast, delelager som vi har tilgang til skal få plass, og klubblokale for møter og aktivitetar skal ordnast slik at vi får eit hyggeleg og praktisk lokale å halde til i!

RHF Sunnmøre vil takke alle som har bidrege til at draumen om eige bygg endeleg er blitt til verkelegheit! Sjøl om kjøpet no er i orden, treng vi jamne inntekter for å ruste opp og vedlikehalde bygget, og også til å møte andre moglege utgifter. Grasrotandelen frå Norsk Tipping er ei jamn og stabil inntektskjelde, der du kan vere med å støtte oss.